God melding til skogen!

Stortinget handsama skogmeldinga 31. januar. Regjeringas opprinnlege melding gav ei god omtale av næringa, men var lite konkret på tiltak. Stortingets handsaming inneber at det blir sett tydelege mål.

Regjeringa får tidsfristar for å gjennomføre viktige tiltak. Det er godt nytt for alle som er opptatt av klima, bærekraft og verdiskaping.

Stortinget anerkjenner næringa sitt miljøarbeid. Det er har blitt betydeleg meir gamal skog, meir død ved og fleire store tre i løpet av dei siste 20 åra. Det biologiske mangfaldet i skogen aukar. Skogeigerane har over tid jobba hardt for betre miljøpraksis i skogen. Det er viktig for oss at resultata blir verdsett.

Gamal, urørt skog kan vere bra for det biologiske mangfaldet, men mindre bra for evna til CO₂-binding og produksjon av fornybare materiale. Dette dilemmaet peikar næringskomiteen på. Skogen kan gje samfunnet ei rekkje klimatiltak med låg kostnad. Alle partia, utanom SV, trekker fram at tettare planting, planting på nye areal, skogplanteforedling og auka bruk av gjødsling, er tiltak som vil føre til auka CO₂-opptak. Samtidig styrkjer det råstoffgrunnlaget for ny industri.

Ut frå eit verdiskapingsperspektiv, er innstillinga også god. Ein slår fast at skog- og trenæringa er «ei strategisk viktig næring for Norge». Komiteen ser samla på alle dei viktige områda knytt til infrastruktur, utdanning, forsking- og utvikling, utvikling av nye marknader og behovet for kapital.

Det er rett og slett stor vilje i Stortinget for å få til ei skikkelig satsing på skog!

Regjeringa har hatt ei systematisk satsing på å betre infrastruktur, som er viktig for næringa. Stortinget støtter dette, men ønskjer et enda høgare tempo. Konkret foreslår ein mellom anna ei prøveordning med tømmervogntog på 74-tonn. I tillegg støttar Stortinget eit eige program for å fjerne flaskehalsar på fylkesvegane, slik at vogntog kan køyre effektivt og miljøvennlig. Stortinget støttar at programmet bør gjennomførast tidleg i NTP-perioden.

Stortinget ber regjeringa utarbeide ein strategi, som stimulerar etterspørselen etter grøne trebaserte produkt. Eit felt er målretta utvikling av heimemarknaden for å stimulere til ny og eksisterande industri i Norge. Dette er i tråd med råda frå regjeringa sitt ekspertutval for Grønn konkurransekraft. Til dømes ligg det store moglegheitar i å utvikle kompetanse og industriarbeidsplassar knytt til produksjon av biodrivstoff og auka bruk av tre i bygg.

Stortinget understrekar behovet for kapital til å reise ny industri, etablere nye produksjonsanlegg og gjennomføre større investeringar i eksisterande industri. Komiteen slår fast at «etableringen av Fornybar AS må bidra til å sikre kapital til slike investeringer». Med ei slik innretning kan Fornybar AS bli eit effektivt virkemiddel for å få ned klimagassutsleppa, men og for å få etablert ny skogbasert industri i Norge.

Stortinget peikar også på næringas eigen evne til å reise kapital. Historisk har norske skogeigerar spilt ei viktig rolle i å utvikle skogindustri. Skogeigarforbundet har jobba ei god stund for ei ordning, som kan stimulere skogeigerar til å investere i foredling. Det er derfor gledeleg at ein samla komité følgjer opp regjeringserklæringa om å etablere ei eiga skattekredittordning for skogeigerar, som vil investere i industriutvikling.

Det er eit gjennombrot!

I sum er meldinga ”Verdier i vekst – konkurransedyktig skog- og trenæring” saman med tillegga frå Stortinget, eit godt grunnlag. Vi ser konturane av ein samla strategi, som kan skape utvikling og vekst for næringa, grunnlag for auka verdiskaping og velferd for samfunnet. Det er viktig at styresmaktene følgjer opp og konkretiserar. Vi frå næringa skal ta vårt ansvar – slik at skognæringa verkeleg blir strategisk viktig for Norge igjen.

 

Olav A. Veum

Styreleder i Norges Skogeierforbund