Familieskogdag i Fyresdal
Bjørg Taraldlien Hopland ynskjer velkommen. Foto Bergit O. Mikkelsen.
Laurdag 9. juni arrangera Fyresdal Skogeigarlag familieskogdag på Varenvegen i Hegglandsgrend.
Sjølv om veiret var skiftande med regnbyger innimellom, møtte det ca. 40 stk. med stort og smått.
Leiar i skogeigarlaget, Bjørg Taraldlien Hopland, ynskte velkommen og fortalde litt om programmet for dagen.
Fyrste post på programmet var Olav A. Veum, nyvalgt styreleiar i Norges Skogeigarforbund og grunneigar, som fortalde om Varenvegen. Det er ein av dei nyaste og beste skogsbilvegane i Fyresdal og er eit samarbeidsprosjekt mellom to grunneigarar, Olav Kjetil Greivstad og Olav A. Veum. Olav fortalde om planlegging, finansiering og gjennomføring av prosjektet. Det var til no kjøyrt ca. 8 000 m3 tømmer på vegen og den hadde klart påkjenninga godt. Olav konkludera med at investering i skogsbilvegar bygd etter godkjente kriteriar, ville auke verdien på eigedommane fordi ein fekk tak i tømmer som ellers ville ha vore utilgjengleg.
Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan orientera så om kva krav som vart stilt til ein moderne skogsbilveg, han fortalde litt om tilskot og annan finansiering og korleis ein kunne få hjelp til å kome i gang med å planlegge skogsbilvegar. Deretter var det Knut Nesland frå AT Plan sin tur. Han gjekk grundig i gjennom skogplanting og gav råd om korleis ein skulle plante for å få eit godt resultat.
Ingen vellykka skogdag utan mat og god, varm kjøtsuppe frå "Meiriet" smaka godt på ein litt hustrig dag.
Etter maten og kaffe var det demonstrasjon av kor stor plass ein moderne tømmerbil verkleg tek og tømmerbileigar Tormod Felle stillte med tømmerbil og hengar. Tormod invitera dei av ungane som ville opp i lessehytta på tømmerbilen og lærte dei å plukke opp stein med gripekloa. Dette var nok eit av høgdepunkta på skogdagen og fleire nytta høvet til å få ein praktisk demonstrasjon.
Siste post på programmet var naturstig, med spørsmål for både barn og vaksne. Alle barna var veldig flinke og alle fekk premiar. Av dei vaksne var Hans frå Nordigard Spokkeli den som gjekk av med seieren.
På skogdagen hadde vi og med tre forhandlerar av skogsutstyr, Hallvard Gryte, Øyvind Kile og Arild Bondal, som hadde kvar sin stand der.
Styret i skogeigarlaget som var ansvarlege for arrangementet, rettar ein stor takk til alle som var med og vonar at dette kan bli ein årleg tradisjon.