Du er her: Forside / Balestrand skogeierlag: Stell av ungskog

Balestrand skogeierlag: Stell av ungskog

30 september 2021 - Balestrand skogeierlag

Tid: Torsdag 30. september, kl. 17:00

Stad: Sværefjorden, Balestrand. Avkøyring Hyttefeltet v bensinpumpene (blir skilta)

Vi er inne i ein periode med gode tømmerprisar, og det blir meir aktuelt for skogeigarar å hogge og forynge skogen. Skogdagen blir arrangert i eit plantefelt der Holstad hogst er i ferd med å hogge ut. Me går gjennom følgjande tema:

-Synfaring og orientering skogsdrift.

-Korleis planlegge ein hogst, kva kan ein forvente av verdiar?

-Når er det rett tidspunkt å plante, når bør ein satse på naturleg forynging?

-Kva treslag bør ein satse på?

-Kva er viktig å gjere åra etter planting? Korleis følgje opp skogen?

– Skogfond og skattlegging av hogstinntekter.

Har du skog eller nyleg hogd skog, bør du møte her.

Skogselskapet, kommunen og tømmerkjøpar vil delta.

Det blir servert kaffi og noko og bite i.

 

Vel møtt!