– AT Skog i utvikling

– Som sikkert mange har sett har vi varsla igangsetting av fusjonsforhandlingar mellom Vestskog og AT Skog. I den forbindelse kan det vere greit med litt informasjon tidleg i prosessen, sier styreleder i AT Skog, Olav A. Veum.

Se pressemeldingen her: AT Skog og Vestskog tar et nytt felles steg

– Organiseringa av skogeigarsamvirket er i endring. AT Skog er eit resultat av dette, men ei rekkje andre prosessar i Norge viser betydeleg aktivitet. I nyare tid har vi sett at Havass gjekk inn i Glommen. Viken kjøpte SB Skog, der seinare AT Skog kom inn på eigarsida. Viken AT Market er etablert for å handtere eksportverksemda til Viken, AT og nå også Vestskog. Det er pågåande forhandlingar mellom Glommen og Mjøsen om fusjon.

Markedet endrar seg

– Endringane vi ser er eit resultat av at markedet for tømmer har endra seg, og vi som skogeigarar har endra oss. Ikkje minst har ein digital kvardag gjort avstandane mindre. For AT Skog er formålet tydeleg. Vi skal sikre våre medlemmer avsetning av tømmer til ein best mogleg pris. Vi skal sikre at verdiane på eigedommane oppretthaldast og helst aukar. Og vi skal utvikle oss. Det har vi gjort, og det må vi fortsette med.

– I eit marked som stadig blir meir internasjonalt, gir størrelse ein fordel. AT Skog er ingen stor aktør i eit nordisk perspektiv, men vi har gjennom samarbeid og alliansar fått ein god posisjon. Det hjelper også at skognæringa er i frammarsj og at vi ligg strategisk godt til for både nasjonale og internasjonale kundar.

Større volum og lågare kostnader

– Kva vil vi med eit tettare samarbeid med Vestskog?

– Vi vil få eit større samla volum og med det lågare kostnader. Vi vil også kunne handtere større kundar betre og vere meir forutsigbare. Behov for nye virkesstraumar, som energivirke, vil bli enklare å utvikle. Vi vil få større fleksibilitet – til glede for både skogeigarar og kundane våre.

– No skal denne fusjonsporsessen gjennomførast på ein god organisasjonsmessig måte. Vi er ein medlemsorganisasjon – eit medlemsdemokrati. Dette er ei viktig sak som skal handterast deretter. Det betyr at saka skal handsamast i styret, i skogeigarlaga/valkretsane og til slutt i årsmøtet. Det skal lagast god informasjon og vi skal finne gode løysingar.

Desentralisert struktur

– Fusjonsprosessen mellom AT Skog og Vestskog er etablert på eit grunnlag der vi gjennom innleiande samtaler har avklart nokre forhold og sett at det er realistisk å kunne bli einige. Eg trur det er viktig at ein har snakka om dei vanskelegaste tinga fyrst. Til grunn for denne prosessen bygger vi vidare på vårt motto: Stolt fortid – stor framtid.
AT Skog blir overtakande selskap med hovudkontor i Skien. I tillegg skal vi som i dag ha ein desentral struktur med regionskontor.

– Vi står ikkje stille

– Vi har så langt laga ei intensjonsavtale som inneber at vi skal gjennomføre ein prosess etter visse prinsipp. Nærmare avklaringar og etterkvart innstilling frå styra i både AT Skog og Vestskog, vil komme på nyåret. Går det etter planen vil saka kunne handsamast på vanleg måte fram mot årsmøtet i AT Skog 30. april. Vestskog må gjere same øvelse, sier Veum.

– Fusjonsporsessar inneber endringar. Alt vil ikkje bli likt som før, men formålet er det same.

– AT Skog er inne i ei positiv utvikling og vi gjennomfører fleire spennande tiltak. Den som står stille går bakover heiter det. Vi står ikkje stille.

Skrevet av Stine Solbakken
29/11/2018