Valkomiteens innstilling til årsmøtet

Valkomiteen i AT Skog SA har i møte 08.04.2022 utarbeidet ein innstilling på kandidatar til årsmøtet 5. mai.

Valkomiteen sine oppgåver

  1. Fremme forslag til godtgjering til styret sine medlemmer, valkomité og revisor.
    Årsmøtet vedtok i fjor indeksregulering av godtgjering til medlemmer av styret og valkomiteen.
  2. Fremme forslag på kandidatar til verv i styre og valkomité.

Valkomiteen sitt arbeid:
§§ 13 og 14 i AT Skog SA sine vedtekter, §§ 64 – 75 i Samvirkeloven, samt instruks for valkomiteen utgjer rammene for arbeidet.

Valkomiteen har hatt 5 møter inkludert intervju av styremedlemmene på val, og møte med dagleg leiar i AT Skog. Alle møter er gjennomført som Teams-møter.

Komiteen bad om innspel og forslag frå medlemmane til nye kandidatar til AT Skog sitt styre, varamedlemmer til styret og medlemmer til valkomiteen.

I arbeidet fram mot innstilling av kandidatar har komiteen lagt vekt på kontinuitet i styrearbeidet etter justeringa av styret førre år.

Valkomiteen har også gjort vurderingar av samansetninga av styret og breidda av kompetansen i styret tatt i betraktning av at AT Skog gjennom industrisatsinga no har vokse til eit konsern med ei omsetning på  2,1 mrd. kroner i 2021. I forslag til styre er det også lagt vekt på geografisk fordeling.

Valkomiteen har arbeidd med ei forenkling og eit meir transparent system for honorar. Forslaget er at ein til liks med andre større konsern, utbetaler ein fast sum for deltaking i møter og anna tillitsmannsarbeid  og at ein går bort frå ordninga med ein fast sum pluss godtgjersle per møte. Valkomiteen vil arbeide vidare med dette den neste perioden og kjem attende med eit forslag til årsmøtet 2023.

I år foreslår me å auke satsane til styreleiar, nestleiar og styremedlemmene med 10 % pluss, i tillegg til konsumprisindeksregulering for å synleggjere det auka ansvaret ein har som styremedlem i eit konsern av AT Skog sin størrelse.

Forslag på medlemmer til styret som vert vald for 2 år, samt oversikt over sitjande medlemmer:

NamnVervVald for 2 år i 2021På val neste gong
Olav VeumLeder 2024
Åse EgelandMedlem 2024
Even HedlandMedlem 2024
Birgit EikenMedlem 2024
Bengt DragesetNestlederX2023
Ingebjørg Marie LandsverkMedlemX2023
Dag Arthur AasbøMedlemX2023

Forslag på varamedlem til styret som vert vald for 2 år, samt oversikt over sitjande varamedlemmer:

NamnVald for 2 år i 2021På val neste gong
Ivar Tangeraas 2024
Tor Peder Lohne (ny) 2024
Aud SlettehaugX2023

Forslag på medlemmar til valkomité som vert vald for 3 år, samt oversikt over sitjande medlemmer:

NamnVervVald for 3 år iPersonleg vara
Kristian StrayLeiar2021Odd Rolf Roland
Anne Bjørgunn NordjoreNestleiar2021Tore Felland Storhaug  
Jakob Hammer 2020Olav Einan
Sveinung Kjellemo 2020Heidi Herum
Margaret Ottesen Mjønes (ny)  Åsta Midtbø
Eli Bjorvatten (ny)  Odvar Voie Eikeland

Dette er valkomiteen 2022

Åsta Midtbø (leiar)

Odvar Eikeland (nestleiar)

Sveinung Kjellemo

Jakob Hammer

Anne Bjørgunn Nordjore

Kristian Stray

Skrevet av Stine Solbakken
13/04/2022
Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on whatsapp
Share on email